Familie viser i biologien til ei eining sett saman av ei eller fleire biologiske slekter. Ein familie kan òg delast inn vidare i underfamiliar og stammar. Overordna vil ein eller fleire familiar delast inn i ordenar.

Som i andre kategoriar (bortsett frå arten) er det eit skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalla familie. Dagens systematikk er derfor meir oppteken av slektskap mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.

Tabellen under viser tilknytinga mellom biologiske familiar og dei næraste inndelingane, i tillegg til dei ulike suffiksa ein vil finna i kvart familienamn.

InndelingPlantarAlgerSopparDyrOverfamilie-acea-acea-acea-oideaFamilie-aceae-aceae-aceae-idaeUnderfamilie-oideae-oideae-oideae-inaeStamme (Tribus)-eae-eae-eae-iniUnderstamme-inae-inae-inae-ina

('ae' blir ofte òg skrive 'æ')

Familie Kategori:Familie