Naturlege drepeceller eller NK-celler er ein type cytotoksiske lymfocyttar som er viktige for det medfødde immunsystemet. Rolla til NK-cellene er analog til den hjå cytotoksiske T-celler i det adaptive immunsystemet hjå ryggbeinsdyr. NK-celler responderer snøgt på virusinfiserte celler og tumorvekst, og byrjar kring 3 dagar etter infeksjon. Kvite blodceller reagerer på vevstypeantigen (MHC) på celleoverflata og set fart i utsleppet av cytokin, som ender i lysering og apoptose. NK-celler er unike fordi dei er i stand til å kjenne att stressa celler i fråveret av antistoff og MHC, som gjev ein mykje snøggare immunreaksjon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Natural killer cell» frå , den 24. november 2014.

tidsskriftet.no Naturlige drepeceller – viktig immunologisk førstelinjeforsvar, 2000, Tidsskrift for den norske legeforening

Kategori:Cellebiologi Kategori:Immunsystemet Kategori:Lymfocyttar