Tynnhornsau (Ovis dalli), også kalla «alaskasau» og «dall-sau», er ein type villsau som kjem frå Nord-Amerika.
Tynnhornsauen er utbreidd frå Alaska til det nordlege British Columbia. Han lever i mindre flokkar i høgfjell og arktiske område, særleg i bratt fjellterreng.
mini|venstre|Ei gruppe tynnhornsauer. Sauen har typisk ei kroppslengd på 135–155 cm og skulderhøgd på 93–102 cm. Bukkar veg 90–120 kg medan søyer veg noko mindre.
Avhengig av underart er pelsen kvit eller svart til grå. Underarten som er svart eller grå har også tydeleg halespegel. Horna er store og snodde, men smalare enn hjå tjukkhornsau. Hornmassen er opptil 8–10 kg.
Kjelder
«Tynnhornsau» (5. februar 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. november 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Pattedyr i Canada Kategori:Pattedyr i USA Kategori:Pattedyr i Nord-Amerika Kategori:Ovis