Iksal (arabisk إكسال, Iksal; hebraisk אִכְּסָאל, כִּסְלוֹת תָּבוֹר, Kislot Tavor ) er ein arabisk lokal kommune nord i Israel, kring 5 km søraust for Nasaret. Han har eit folketal på 13 007, hovudsakleg muslimar. Namnet på byen trur ein kjem frå Chesulloth (Chisloth-Tabor), ein bibelsk by nemnt i Josvas bok.Freedman et al, 2000, s. 236.Aharoni, 1979, s. 120, 257.
Historie Iksal vart av Josefus kalla Xaloth.Armstrong, 2009, s. 42.
I 536 vart det halde eit råd i Jerusalem for å fordømme erkekjettaren Severus og følgjarane hans. I rådet var 45 biskopar frå Palestina, inkludert ein Parthenius, biskopen av Exalus, som er identifisert som Iksal. Dermed veit ein at byen hadde nok kristne på 500-talet til å få ein biskop.
Den 22. desember 946 slo styrkane til det egyptiske Ikhshidid-dynastiet styrkane til Sayf al-Daula ved Iksal. Sistnemnde trekte seg attende til Aleppo, medan Ikshidid-styrkane rykka fram mot Damaskus.Gil, 1997, s. 319-320.
I krossfarartida eller mamelukkstyret i Palestina, vart det bygd ei borg i Iksal, og ruinane er framleis synlege i dag.
Som så mange andre arabiske byar og landsbyar i Galilea som vart ståande etter den arabisk-israelske krigen i 1948, overgav Iksal seg til israelske styrkar utan kamp. Folk som hadde samarbeidd med sionistar før Israel vart oppretta, forhandla vilkåra i overgjevinga og overføringa til eit styre under den nye militære regjeringa.Cohen, 2010, s. 17.
Arkeologi Arkeologiske utgravingar i Iksal har avdekka gjenstandar frå romartida og bysantinsk styre i Palestina.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Iksal» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:
s. 363. 366, 385
s.730
s.108-109 s.62 s. 187
Tristram, H. B. (1865): The land of Israel: Travels in Palestina. s. 124
Bakgrunnsstoff Velkomen til Iksal ved palestineremembered.com
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel