Heinrich Messner, kjend som Heini Messner, () var ein austerriksk skirennar frå Obernberg am Brenner i Tirol. Han vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane i 1968 og 1972. Messner vart nummer to i Verdscupen i alpine greiner 1967.

Aktiv Frå 1961 til -67 vann Messner fem austerrikske meistertitlar. Han vart fyrst utformeister i 1961, deretter vann han slalåm tre år på rad, 1964-66, og til sist sigra han i den nasjonale meisterskapen i storslalåm i 1967.

Messner OL-debuterte på heimegrunn i Tirol med ein tiandeplass i utfor under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. To år seinare vart han nummer fire i same øvinga då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i chilenske Portillo.

Den 5. januar 1967 vann Messner det aller fyrste rennet i verdscupen i alpine greiner. Rennet vart avvikla i Berchtesgaden i Vest-Tyskland. Sigeren vart hans i einaste i verdscupen, men fram til 1972 tok han 17 gongar steget opp på sigerspallen. I verdscupsesongen 1967 enda han på andreplasse etter suverene Jean-Claude Killy frå Frankrike.

Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 tok Messner bronsemedaljen i storslalåm og vart nummer nummer fire i utfor. Desse prestasjonane, samt ein delt 13. plass i slalåm gav han VM-bronse i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet.

I VM i alpine greiner 1970 i Val Gardena vart Messner nummer fire i storslalåm. To år etter tok han bronsemedaljen i utfor då vinterleikane 1972 fann stad i Sapporo.

Trenar Messner var 1972-74 trenar for Austerrike sitt landslag for kvinner.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Heinrich Messner» frå , den 10. desember 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972