Josef Stiegler, kjend som Pepi Stiegler, () er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Lienz i Tirol som vart olympisk meister under vinterleikane 1964 i Innsbruck.
Idrett Stiegler fekk sitt gjennombrot då han vann kombinasjonen under Lauberhornrenna i Wengen, etter å ha vorte nummer to i både utfor og slalåm. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley få veker seinare tok han sølvmedaljen i storslalåm, fire tidels sekund bakom Roger Staub frå Sveits, og kom på femteplass i slalåm.
Vinteren 1964 lukkast Stiegler å vinne bronsemedaljen i storslalåm då vinterleikane vart arrangert i Innsbruck i Tirol. Her opplevde han høgdepunktet i sitt alpinliv då han kapra gullmedaljen i slalåm, sterkt utfordra av dei andre medaljevinnarane, Billy Kidd og Jimmie Heuga, begge frå USA.
Ymse Stiegler utvandra til USA i 1965, der han i Jackson Hole i Wyoming dreiv ein skiskule frå 1967 til -94.
Han er far til den USA-amerikanske alpinisten Resi Stiegler som tevla på høgt internasjonalt nivå på 2000-talet.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Josef Stiegler» frå , den 12. desember 2014.
Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964