Markus Wasmeier () er ein tysk tidlegare skirennar frå Schliersee i Bayern som vann to OL-gull på Lillehammer i 1994 og VM-gull i storslalåm i 1985.
Aktiv Wasmeier overraska stort då han vart verdsmeister i storslalåm ved VM i alpine greiner 1985 i Bormio. Eitt år seinare, den 9. februar 1986, vann han sine to fyrste renn i verdscupen i alpine greiner i franske Morzine. Han sigra då i eit kombinasjonsrenn og eit super-G-renn. Fram til januar 1992 vann han ytterlegare sju verdscuprenn, fem av triumfane kom i super-G og to i utfor.
Wasmeier tok bronsemedaljen i super-G ved alpin-VM 1987 i Crans-Montana i Sveits. I 1987-sesongen kapra han FIS-pokalen som beste super-G-utøvar i verdscupen. Både i 1986 og 1987 vart han nummer tre i verdscupen i alpine greiner.
Under Vinter-OL 1994 på Lillehammer vann Wasmeier to gullmedaljar, fyrst i super-G og så i storslalåm. Dermed var han både verdsmeister og olympisk meister i storslalåm, ei grein han aldri vann eit verdscuprenn i. Etter OL-sesongen la Wasmeier opp som alpinist.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Markus Wasmeier» frå , den 13. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994