Annemarie Buchner-Fischer, kjend som Mirl Buchner, () var ein tysk skirennar frå Ettal i Bayern som vann medaljar i alle dei tre alpine greinene under vinterleikane 1952 i Oslo.

Aktiv Buchner deltok i dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952 og tok medalje i alle øvingane. Etter å ha teke bronsemdaljen i storslalåm på Norefjell, kom ho på andreplass i utfor, ni tidels sekund bakom Trude Jochum-Beiser frå Austerrike. Sidan sikra ho seg i Rødkleiva ein bronsemedalje også i slalåm.

Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart ho nummer fire i storslalåm, og nummer 14 i utfor. Tidlegare i same sesongen vann ho storslalåm-tevlinga i Hahnenkamm-renna i Kitzbühel i Austerrike.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mirl Buchner» frå , den 16. desember 2014.

Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956