thumb|Ventrikkelflimmer er ein alvorleg hjartearytmi som har tilknyting til plutseleg hjartedød Hjartearytmi, i daglegtale uregelmessig hjarterytme eller hjarterytmeforstyrring, i medisinen arrhytmia cordis eller stundom dysrytmi, er ei rekkje tilstandar der den elektriske aktiviteten i hjarta er meir uregelmessig, snøggare eller saktare enn vanleg. Hjarterytme som er snøggare enn vanleg, oftast rekna som meir enn 100 slag i minuttet (bpm), vert kalla takykardi, medan hjarterytme som er saktare, oftast mindre enn 60 bpm, vert kalla bradykardi. Sjølv om dei fleste arytmiar ikkje er livstrugande, så kan dei stundom føre til alvorleg nedsett hjartefunksjon, og stundom hjartestans.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cardiac dysrhythmia» frå , den 18. desember 2014.

Kategori:Akuttmedisinske tilstandar