Jean Marlene Saubert () var ein USA-amerikansk alpin skirennar frå Roseburg i Oregon som vann ein sølv- og ein bronsemedalje under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.
Aktiv Saubert markerte seg internasjonalt under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix, der ho kom på sjetteplassen i storslalåm og vart nummer ni i utfor. To år seinare tok ho bronsemedaljen i slalåmrennet under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, dei franske systrene Christine og Marielle Goitschel vann gull og sølv. Dei same tre utøvarane stakk avgarde med medaljane også i storslalåm; Marielle vart olympisk meister, Saubert og Christine Goitschel kom på delt andreplass.
I OL-året 1964 vann Saubert samtlege fire meister titlar i USA-meisterskapen alpine greiner, året i førevegen vart ho nasjonal meister i utfor og storslalåm. Saubert vart så nummer fire i slalåm då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i chilenske i Portillo, to hundredels sekund bakom landskvinna Penny McCoy på bronseplass.
Saubert døydde 65 år gammal i Bigfork i delstaten Montana.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Jean Saubert» frå , den 20. desember 2014.
Kategori:Alpinistar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964