Tusta Wefring ()Dødsannonse, afdoede.dk var ein norsk-dansk tekstilkunstnar.

Ho voks opp på Stabekk og var dotter av biletkunstnaren Gunnar Wefring og Signe Ivarsdotter Mortensson Egnund (1898–1977). Morfaren var forfattaren og nynorskmannen Ivar Mortensson-Egnund.

Wefring studerte stofftrykk på Kunst­hånd­vær­ker­sko­len i København. På 1960-tallet gjorde ho suksess med måla ryggsekker, kjoler, jakker og busseruller. Ho hadde ei rekke utstillingar i 1950 til 1970-åra, mellom anna i London og på Me­tro­po­li­tan Mu­se­um i New York. Ho fekk utsmykkingsoppdrag i rådhusa i Bir­ke­rød, Hillerød og Haderslev, i Hvidovre Hospital og i fleire av avdelingane til Danske Bank.Rundt i dag, 26. mai 2010, Kristeligt Dagblad

Tusta Wefring var gift med Steen Bjarnhof frå 1949, og med den danske sølvsmeden og skulptøren (1917-1982) frå 1956 til 1973.Søren Georg Jensen, Dansk Biografisk Leksikon

Publikasjonar Eigil Hinrichsen, Tusta Wefring, Galerie Långvinkeln: Inför en ny konstsalong

Referansar

Bakgrunnsstoff Lexikon der Textildesigner 1950 - 2000 Utstilling Vevringen 1994 (ført opp som Tusta Vefring) Andreas Hansen: Scener fra et ægteskab , i kunstavisen.dk. Omtale av utstillinga Sølv, skulpter og malede stoffer -Et ægteskab

Kategori:Norske tekstilkunstnarar Kategori:Danske tekstilkunstnarar Kategori:Folk frå Bærum