Danièle Debernard () er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Aime i departementet Savoie som i tida 1972-76 vann to olympiske medaljar og ein VM-bronse, samt fem renn i verdscupen i alpine greiner.
Aktiv Debernard debuterte i verdscupen i januar 1971 og fekk med seg to tredjeplassar i slalåm allereie i debutsesongen, før fylte 17 år. Under dei olympiske leikane i Sapporo vinteren 1972 tok ho sølvmedaljen i slalåm, berre to hundredels sekund skilde henne og gullmedaljør Barbara Cochran frå USA. Vel ein månad seinare vann Debernard sine to fyrste verdscupsigrar i Pra Loup.
Etter ein verdscupsiger i slalåm i Japan vinteren 1973, måtte ho vente i tre sesongar før ho atter vann verdscuprenn. Midt i januar 1976 vann ho i same veka slalåm i Les Gets og storslalåmrennet i Berchtesgaden. I Vinter-OL 1976 i Innsbruck få veker seinare tok ho bronsemedaljen i storslalåm, og vart nummer fire i slalåm og fem i utfor. Dette gav henne sølvmedaljen i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet men var VM-tevling.
Debernard la opp i 1979, etter nokre sesongar utan pallbesøk i verdscupen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Danièle Debernard» frå , den 26. desember 2014.
Kategori:Franske alpinistar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976