Virulens, som definert av MeSH, er graden av patogenisitet i ei gruppe eller ein art av parasittar, som målt ved letaliteten og/eller evna organismen har til å infiltrere cellevev hjå verten. Patogensiteten til ein organisme - evna til å skape sjukdom - er bestemd av virulensfaktorane til organismen. Substantivet virulens kjem frå adjektivet virulent. Virulent kan både skildre sjukdomsgraden og infektiviteten til eit patogen.Compact Oxford English Dictionary virulent Ordet virulent stammar frå det latinske ordet virulentus, som tydar «eit forgifta sår» eller «full av gift».A Latin Dictionary virulentus

I økologien kan virulens definerast som det parasitt-induserte fitnesstapet til verten. Virulens kan sjåast på med proksimate årsaker — dei spesifikke trekka i patogenet som fører til at verten vert sjuk — og ultimate årsaker — det evolusjonære presset som fører til at virulente trekk oppstår i patogena.Encyclopædia Britannica Online, 25 May 2009. "plant disease development"

Sjå òg vert-patogen-interaksjon infeksjonssjukdom optimal virulens verotoksinproduserande Escherichia coli virulensfaktor

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Virulence» frå , den 2. januar 2014.

Kategori:Virologi Kategori:Patologi Kategori:Infeksjonssjukdommar