Martin Heinrich Klaproth () var ein tysk kjemikar som oppdaga dei tre grunnstoffa uran, zirkonium og titan.

Klaproth gjorde mykje for å forbetra og systematisera framgangsmåtane innan analytisk kjemi og mineralogi. Gjennom arbeidet sitt både oppdaga og identifiserte han grunnstoffa uran, zirkonium og titan. Han fann òg fram til oppbygginga av fleire samansette stoff, mellom anna dei som inneheldt dei nyleg oppdaga grunnstoffa tellur, strontium, cerium og krom.

Vitskapsmannen som skulle bli leiande innan kjemifaget i Tyskland starta som apotekar. Han var fødd i Wernigerode og hadde først assistentjobbar i apotek i Quedlinburg, Hannover, Berlin og Danzig (Gdańsk) før han slo seg ned i Berlin som styrar av eit apotek i 1771. Etter å ha gifta seg med den velståande Christiane Sophie Lehmann, niesa til apotekaren Andreas Sigismund Marggraf, blei han eigar av Bären-Apotheke i byen i 1780.

Frå 1782 var Klaproth tilsett ved Ober-Collegium Medicum, og fem år seinare blei han førelesar i kjemi for det kongelege prøyssiske artilleriet. Då Humboldt-universitet i Berlin blei grunnlagd i 1810 blei han utnemnd til professor i kjemi.

Martin Klaproth blei ramma av slag første nyttårsdag og døydde i Berlin.

Sonen hans, Heinrich Julius Klaproth, hadde gått mot faren sin vilje og blei ein orientalist og oppdagar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Martin Heinrich Klaproth» frå , og «Martin Heinrich Klaproth» frå den 29. januar 2006.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske kjemikarar Kategori:Grunnstoffoppdagarar Kategori:Folk frå Wernigerode Kategori:Vitskapleg tilsette ved Humboldt-universitetet i Berlin Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Æresmedlemmar av St. Petersburg vitskapsakademi Kategori:Tyskarar frå 1700-talet Kategori:Tyskarar frå 1800-talet Kategori:Kjemikarar på 1700-talet Kategori:Kjemikarar på 1800-talet