mini|Dei fire store kyrkjelærarane i Vestkyrkja: Augustin, pave Gregor I, Hieronymus og Ambrosius av Milano, måla av Pier Francesco Sacchi ca. 1516. mini|Teresa av Ávila avbilda i glasmåleri ved Det heilage Teresa-konventet. Kyrkjelærar (Doctor Communis Ecclesiae) er eit æresnamn brukt i den katolske kyrkja om kyrkjelege forfattarar som har utmerka seg ved rett tru, heilag liv og lærdom, og som er blitt uttrykkeleg anerkjende av kyrkja som autoritetar. Tittelen blir særleg gjevne til teologar og andre ein reknar som førebilde for dei truande.

Dei første kyrkelærarane blei utnemnde i 1298. Desse var Ambrosius av Milano, Augustin av Hippo, Hieronymus og pave Gregor I. Først i 1970 blei den første kvinna, Teresa av Ávila, opphøgd til kyrkjelærar.

Med utnemingane 7. oktober 2012 er det oppnemnd til saman 35 kyrkjelærarar.

Liste over kyrkjelærarar

Namn Fødd Død Oppnemnd Gregor I den store* ca. 540 12. mars 604 1298 Ambrosius av Milano* ca. 340 4. april 397 1298 Augustin av Hippo* 13. november 354 28. august 430 1298 Hieronymus* ca. 347 30. september 420 1298 Johannes Chrysostomos* 347 407 1568 Basilios den store* 330 1. januar 379 1568 Gregor av Nazianz* 329 25. januar 389 1568 Athanasius av Alexandria* 298 2. mai 373 1568 Thomas Aquinas 1225 7. mars 1274 1568 Bonaventura 1221 15. juli 1274 1588 Anselm av Canterbury 1033 eller 1034 21. april 1109 1720 Isidor av Sevilla* 560 4. april 636 1722 Peter Krysologos* 380 450 1729 Pave Leo I (den store)* 400 10. november 461 1754 Peter Damian 1007 21.22. februar 1072 1828 Bernhard av Clairvaux 1090 21. august 1153 1830 Hilarius av Poitiers* 300 367 1851 Alfonso Maria de Liguori 27. september 1696 1. august 1787 1871 Frans av Sales 21. august 1567 28. desember 1622 1877 Kyrillos av Alexandria* 376 27. juni 444 1883 Kyrillos av Jerusalem* 315 386 1883 Johannes av Damaskus* 676 5. desember 749 1883 Beda den ærverdige* 672 27. mai 735 1899 Efrem Syraren* 306 373 1920 Peter Canisius 8. mai 1521 21. desember 1597 1925 Johannes av Krossen 24. juni 1542 14. desember 1591 1926 Roberto Bellarmino 4. oktober 1542 17. september 1621 1931 Albertus Magnus (Magnus den store) 1193 15. november 1280 1931 Antonius av Padua 15. august 1195 13. juni 1231 1946 Laurentius av Brindisi 22. juli 1559 22. juli 1619 1959 Teresa av Ávila 28. mars 1515 4. oktober 1582 1970 Katarina av Siena 25. mars 1347 29. april 1380 1970 Teresa av Lisieux 2. januar 1873 30. september 1897 1997 Hildegard von Bingen 1098 1179 2012 Johannes av Ávila 6. januar 1499 10. mai 1569 2012 *Også anerkjende av Den ortodokse kyrkja.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirkelærer» frå , den 4. januar 2015.

Kategori:Katolisisme Kategori:Kyrkjelege titlar *