Khentkaus III var ei gemalinne frå oldtida i Egypt som levde i det femte egyptiske dynasti. Ho var truleg kona til farao Neferefre, og dimed også mor til farao Menkauhor Kaiu.

Den 4. januar 2015 annonserte egyptiske myndigheiter at ei gruppe tsjekkiske arkeologar hadde funne grava hennar. Før oppdaginga var eksistensen av Khentkaus III ukjend, ifølgje den egyptiske antikvaren Mamdouh Eldamaty. To tidlegare egyptiske gemalinner med same namn er tidlegare identifisert.

Gravkammer Gravkammeret til Khentkaus III — merka med AC 30 — vart avdekka i Abusir, Egypt, der det finst fleire pyramidar dediserte til faraoar i det femte dynastiet, inkludert Neferefre. Gravkammeret vart funne i nærleiken av Neferefre si grav av tsjekkiske arkeologar, leia av Miroslav Bárta ved Karlsuniversitetet i Praha, med egyptisk samarbeid. Namnet og rangen til Khentkaus var inngravert i dei inste veggane av kammeret, og er truleg gjort av byggjarane. Relieffane identifiserte Khentkaus III som både «kona til kongen» og «mor av kongen», som tydar på at sonen inntok trona. Statuettar, 24 reiskapar av kalkstein og fire reiskapar av kopar vart funne i grava. Grava er datert til midten av det femte dynastiet.

Arkeologane som avdekka gravkammeret meinte at det kunne tilhøyre kona til Neferefre sidan det låg så nært gravstaden hans, i ein liten kyrkjegard mot søraust. Eldamaty sa at «oppdaginga vil hjelpe oss med å kaste lys over visse ukjende aspekt ved det femte dynastiet, som, saman med det fjerde dynastiet, var vitne til byggjinga av dei fyrste pyramidane.»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Khentakawess III» frå , den 6. januar 2015.

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Kategori:Egyptiske kongelege