Bondelunge er ein type allergisk alveolitt som kjem etter innanding av biologisk støv frå høy eller muggsporer og andre jordbruksprodukt. Det fører til type 3-allergi, ein potensielt farleg betennelsesreaksjon.http://nasdonline.org/document/1663/d001538/farmer-039-s-lung-it-takes-your-breath.html

Når ein andar inn allergen (allergiframkallande stoff) blir det vanlegvis slept ut eit antistoff i blodomlaupet kalla immunoglobulin E (IgE), som ein del av immunresponsen. Bondelunge skuldast ofte eksponering for termofile aktinobakteriar, slik som Saccharopolyspora rectivirgula, og det blir i staden slept ut immunoglobulin G (IgG). Etter eksponering vil IgG-antistoff feste seg til innanda allergen og danne eit immunkompleks langs innsida av alveolane i lungene. Dette fører til opphoping av væske, protein og celler i alveoleveggane. Konsekvensen av dette er ei tilkortkoming i blodgass-utvekslinga slik at lungefunksjonen blir dårlegare.

Sjå òg silofyllarsjukdom allergisk alveolitt (òg kalla «hypersensitivitetspneumonitt»)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Farmer's lung» frå , den 12. januar 2015.

Kategori:Allergisk alveolitt Kategori:Lungesjukdommar som skuldast ytre stoff Kategori:Yrkessjukdommar