Sonny Landreth () er ein USA-amerikansk bluesmusikar frå sørvest i Louisiana. Han er særleg kjend som slidegitarist. Han var fødd i Canton i Mississippi, og slo seg ned i Lafayette i Louisiana.
Han har ein uvanleg gitarstil og har spelt på innspelingar av John Hiatt, Leslie West, Mountain og mange andre.
Biografi Landreth byrja å spele gitar etter å ha spelt trompet i lengre tid. Den tidlegaste inspirasjonen hans kom frå Scotty Moore, gitaristen i bandet til Elvis Presley, men etter kvart lærte han seg å spele frå innspelingar av artistar og grupper som Chet Atkins og the Ventures. Som tenåring byrja Landreth å spele med vener i huset til foreldra.
Etter den første profesjonelle konserten sin med trekkspelspelaren Clifton Chenier i 1970-åra (der han ei stund var den einaste kvite fyren i Red Beans & Rice Revue), sette Landreth ut på eiga hand, men ikkje før han hadde spelt inn to album for Blues Unlimited-etiketten i Crowley i Louisiana, Blues Attack i 1981 og Way Down i Louisiana i 1985. Det andre albumet vart lagt merke til av platebransjen i Nashville, som igjen førte til at han gjekk i studio og ut på turné med John Hiatt. Dette førte vidare til arbeid med John Mayall, som spelte inn Landreth sin «Congo Square». I nyare tid har han arbeidd med bandleiaren og pianisten Allen Toussaint.
Diskografi Solo Blues Attack (1981) Way Down in Louisiana (1986) Outward Bound (1992) South of I-10 (1995) Crazy Cajun Recordings (1999) - innspelingar frå 1973 og 1977 Prodigal Son: The Collection (2000) - innspelingar frå 1973 og 1977 Levee Town (2000) The Road We're On (2003), nådde toppen av blueslista i USA. Grant Street (2005) - konsertopptak, nådde andreplassen på blueslista i USA. Sonny Landreth - Live At Jazz Fest 2007 (2007) - konsertopptak From the Reach (2008), nådde førsteplassen på blueslista i USA. Elemental Journey (2012), nådde fjerdeplassen på blueslista i USA.
Som studiomusikar med Jimmy Buffett: «USS Zydecosmobile» og «Mademoiselle (Voulez-Vous Danser)» på Far Side of the World (2002) License to Chill (2004) Live at Fenway Park (2005) Jimmy Buffett på Hoot (2006) Take the Weather With You (2006)
med John Hiatt: Slow Turning (1988) The Tiki Bar is Open (2001) Beneath This Gruff Exterior (2003)
med Eric Johnson: Up Close (2010) - songen «Your Book»
med andre: «When The Levee Breaks» og «The Wrong Side» på Lay Your Burden Down av Buckwheat Zydeco «Then I'm Gonna Make Love To You» på Elliott Murphy sitt «Selling The Gold» 1995 Eric Clapton's Crossroads Guitar Festival 2007 Eric Clapton's Crossroads Guitar Festival 2010 Mark Knopfler og Golden Heart (1996) Mark Knopfler og A Night In London (1996) Gov't Mule og 32/20 Blues Little Feat og Join The Band (2008) Alain Bashung og Osez Joséphine (1991) Alain Bashung's Chatterton (1994) «T-Bone Shuffle» på Roots av Johnny Winter (2011)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sonny Landreth» frå , den 15. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Canton, Mississippi Kategori:Slidegitaristar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar