mini|Translasjonen av relikviane til Korbinian av Freising frå Freising til Merano. Frå eit panel i krypten til domkyrkja i Freising.

Translasjon i religion er særleg vanleg i katolsk og ortodoks kristendom og viser til overføring av relikviar frå ein stad til ein annan. Ofte blir overføringa gjort til ein stad med høgare religiøs status eller med særleg tyding for helgenen relikviane stammar frå.

Ofte kan dagen ein translasjon fann stad feirast som ein festdag på linje med dødsdagen til helgenen han gjeld. Translasjonsdagen til Johannes Chrysostomos den 27. januar er til dømes ei viktig feiring.The Translation of the Relics of St. John Chrysostom, fatheralexander.org.

Den mest kjende translasjonen i nordisk katolsk kristendom fann stad 3. august 1031 då leivningane etter Heilag-Olav blei ført til eit kapell der Kristkyrkja i Nidaros etter kvart voks fram.

Kjelder

Mæhlum, Lars. «Translasjon: kristendom» (19. august 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. januar 2015.

Delar av denne artikkelen bygger på «Translation (relic)» frå , den 23. januar 2015.

Kategori:Helgenar Kategori:Relikviar Kategori:Katolsk kristendom Kategori:Ortodoks kristendom