Kaukab Abu al-Hija (arabisk كوكب أبو الهيجا, hebraisk כַּוּכַּבּ אַבּוּ אל-הִיגַ'א), ofte berre Kaukab, (som tyder «stjerne»),Palmer, 1881, s.110 er ein arabisk muslimsk landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel i Nedre Galilea. Han ligg langs Hovudveg 784, mellom Shefa-'Amr og Karmiel, og nær Kafr Manda. Kaukab var tidlegare kontrollert av familien Abu al-Hija i Galilea.Kaokab Abu Al-Hija (Israel) Gutterman, Dov. Flags of the World.
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Kaukab eit folketal på 2 800 i 2005,
Historie Det er mogeleg å sjå spor av ruinar frå bysantinske, romerske og greske busetnad i Kaukab, og det kan vere staden som heitte Kokhva, nemnt i Talmud, men mange stader i nærleiken har det same namnet og ein kan ikkje vite sikkert kven som var Kokhva.Guérin, 1880, s. 488
Kaukab vart grunnlagd like ved grava til Husam ad-Din Abu al-Hija, ein av løytnantane til Saladin, og er heilag for lokale muslimar. Han er derfor kalla Kaukab Abu al-Hija for å skilje han frå fleire andre arabisk landsbyar med same namnet.
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister med namnet «Kawkab Bani Krad» og låg i Akka nahiya (underdistrikt) i Safad liwa med eit folketal på 41 hushaldningar og 8 ungkarar, alle muslimar. Han betalte skattar av ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, sommaravlingar, frukttre, i tillegg til geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 194
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Kaukab, og skildra han som ein liten landsby med kring 250 innbyggjarar, på eit fjell i ei høgd på 425 meter over havet. Han noterte òg ein waly (heilag mann) tileigna sjeik Ali.
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kaukab eit folketal på 222, alle muslimar, som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 285, framleis berre muslimar, i totalt 57 hus.Mills, 1932, s. 74
I 1938, under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939, vart landsbyen øydelagd og treskegolv brend av britiske soldatar under ein hemnaksjon. I 1945 var folketalet 490, alle arabarar, med 18 674 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62 Av dette var 332 dekar for plantasjar og irrigert land, 1 657 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109 medan 10 dekar vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159
Under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948, overgav landsbyen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av landsbybuarane flykta nordover, men somme vart verande att og vart ikkje drivne bort av dei israelske soldatane.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226 Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
I 1973 hadde folketalet vokse til 1 340. Kaukab fekk status som lokal kommune i 1984.
Heilagdomen Abu al-Hija mini|venstre|Heilagdomen Abu al-Hija Nord for landsbyen ligg heilagdomen og grava til Abu al-Hija (òg skrive Abu al-Hayja), eit bygg med to kuplar med ein plass i midten. På den firkanta plassen er det to gravminnesmerke, eit på kvar side av døra inn til heilagdomen. Gravminne vest for døra høyrer til Ali Badawi Abu al-Hija, som døydde i 1183 H (1769), det aust for døra har inskripsjon datert til 1181 H (1767-1768). Inngangen til heilagdomen er gjennom den austlege kuppelen. Dette er eit bønekammer, og har ein mihrab (bønenisje) i sørveggen. Det neste kammeret har to gravminnesmerke, det eine høyrer til grunnleggjaren av al-Hija-landsbyane i Galilea.Petersen, 2001, s. 196-197Slyomovics, 1998, s. 130 -131. Gravplassen i landsbyen ligg kring grava. Det er to andre store graver i landsbyen, dei til sjeikane Hassan og Sayeed.
Fredsskulpturar Etter at Oslo-avtalen vart signert i 193, vart ideen om ein skulpturhage i Kaukab sett i gang av den lokale kommunen, i lag med Beit Hagefen, det arabisk-jødiske senteret i Haifa. Hagen var tileigna fred og sameksistens. Skulpturhagen strekkjer seg over to åstoppar med andre stykke spreidd kring landsbyen og inngangen. Skulpturane vart gjevne bort av israelsk-arabiske og jødiske kunstnarar, og palestinske kunstnarar.http://mfa.gov.il/MFA/MFA-Archive/1999/Pages/Sculptures%20for%20Peace%20at%20Kaukab%20Abu%20El-Hija.aspx
Sjå òg Ein Hod, ein annan Abu al-Hijein landsby Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kaukab Abu al-Hija» frå , den 31. januar 2015. oppgav desse kjeldene: ( s.268 )
s.62
(winner of the 1999 Albert Hourani Book Award)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Kawkab Abu al-Heija
Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel