Ma'ale Yosef regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מעלה יוסף, Mo'atza Azorit Ma'aleh Yosef) er ein regional kommune i Øvre Galilea i Nord distrikt i Israel. Han ligg mellom byane Ma'alot-Tarshiha og Shlomi. Administrasjonssenteret er i Gornot HaGalil.

Kommunen vart grunnlagd i 1963 og dei fleste busetjingane vart grunnlagde i 1950-åra. Han vart kalla opp etter Yosef Weiz, sionistpioner i den andre Aliyah og direktør i Jewish National Fund etter første verdskrigen.

Geografi Kommunen strekkjer seg langs grensa Israel-Libanon. I vest grensar han til Mateh Asher regionale kommune og Kafr Yasif, i sør til Misgav regionale kommune, og i aust til Merom HaGalil regionale kommune. Innafor kommunegrensene ligg fleire drusarlandsbyar og andre israelsk-arabiske landsbyar.

Busetnader Moshavar Avdon Ein Ya'akov Elkosh Even Menachem Goren Hosen Lapidot Manot Me'ona Netu'a Peki'in HaHadasha Shomera Shtula Tzuriel Ya'ara Zar'it

Fellesbusetnader Abirim Gita Gornot HaGalil Mattat Mitzpe Hila Neve Ziv

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ma'ale Yosef Regional Council» frå , den 1. februar 2015.

Kategori:Regionale kommunar i Israel