Zoboomafoo var ein USA-amerikansk barne-TV-serie som blei produsert frå 1999 til 2001 for PBS Kids. Serien var meint å læra barn om dyr. Til dette nytta han både ville og tamme dyr og ein «talande» lemur kalla Zoboomafoo, spelt av ein levande lemur (ein Coquerels sifaka) og ei tøydokke. I alt blei det laga 65 episodar, og mange av dei blei seinare vist i reprise.

Kjelder

«Zoboomafoo» , parents-choice.org «Zoboomafoo» , tv.com

Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar Kategori:Skipingar i 1999 Kategori:Nedleggingar i 2001 Kategori:Barne-tv-seriar