«It's Going to Take Some Time» er ein song skriven av Carole King og Toni Stern for albumet Music av King i 1971. Han vart innspelt av the Carpenters i 1972 for det fjerde albumet deira A Song for You. I følgje Richard Carpenter måtte han velje ut songar å spele inn og det var ein haug med singlar han måtte lytte gjennom. Då han kom til «It's Going to Take Some Time» visste han at det kom til å bli ein hit. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100. Tim Wessburg spelte fløyte på songen.
King har sagt at det fyldige arrangementet med strykarar og fløytesolo har fått hennar eigen versjon til å høyrest ut som ein demo.
Bandet Dishwalla spelte songen i 1994 på hyllestalbumet If I Were a Carpenter.
Medverkande Karen Carpenter - Solo- og korvokal Richard Carpenter - korvokal, klaverinstrument Joe Osborn - bassgitar Hal Blaine - trommer Bob Messenger - fløyte Tim Weisberg - fløyte
Lister Liste (1972)PlasseringU.S. Billboard Hot 10012U.S. Billboard Easy Listening2Record World13Canadian Singles Chart13Oricon (Japansk) singelliste48
Kjelder Denne artikkelen bygger på «It's Going to Take Some Time» frå , den 5. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Carole King-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar skrivne av Toni Stern