Wollert Konow () var ein norsk politikar og gardbrukar. Han vart fødd i Bergen, men flytta seinare til Hedmark fylke.
Frå 1882 var Konow gardbrukar på Tjerne i Ringsaker. Han sat som stortingsrepresentant i fleire periodar. Frå 1891 til 1893 var han statsråd og sjef for Indredepartementet i Johannes Steen si 1. regjering. Frå 1900 til 1903 var han landbruksminister i Johannes Steen si 2. regjering og Otto Blehr si 1. regjering.
Konow representerte Venstre på Stortinget frå 1886 til 1891 og frå 1895 til 1918. Frå 1919 til 1921 var han stortingsrepresentant for Landmandspartiet, og frå 1922 til 1924 for Frisinnede Venstre.
Wollert Konow representerte Hedemarkens amt på Stortinget, det seinare Hedmark fylke. I politisk samanheng vert han ofte referert til som Wollert Konow (H), der H-en står for «Hedemarken». Bokstaven vert sett til for å skilja han frå fetteren, politikaren Wollert Konow (SB).
Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Steen I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Steen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Blehr I Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Bergen