«Sweet, Sweet Smile» er ein countrysong skriven av Otha Young og Juice Newton og framført av The Carpenters i 1977 på albumet Passage. Med songen er trommeslagaren Ronnie Tutt som ofte spelte med Elvis Presley.

«Sweet, Sweet Smile» er ein av få songar spelte inn av The Carpenters som vart vald ut av Karen Carpenter og ikkje Richard Carpenter. Juice Newton og bandleiaren hennar Otha Young hadde skrive «Sweet, Sweet Smile» for Newton sjølv, men selskapet til Newton, Capitol Records, var ikkje interessert i songen. Manageren til Newton, som var ein ven av Carpenters, spelte demoen av «Sweet, Sweet Smile» ein gong Karen Carpenter vitja heime hennar. Carpenter likte songen og tok han med seg til broren Richard Carpenter som likte han med ein gong.Rock Hill Herald 21 April 1981 p. 59John ToblerThe Complete Guide to the Music of the Carpenters (1997); Omnibus Press, London; ISBN 0-7119-6312-6; p.81

«Sweet, Sweet Smile» nådde 44. plassen på Billboard Hot 100, men vart den einaste Carpenters-songen som nådde Country-lista i USA med ein åttandeplass. Han nådde òg sjuandeplassen på Adult Contemporary-lista.

Ei omsetjing av «Sweet, Sweet Smile» til tysk, kalla «Der Mann auf einem Seil», var B-sida til Wenche Myhre-singelen «Lass mein Knie, Joe» («It's a Heartache»), som nådde 16. plassen i Tyskland i 1978. Ei finsk utgåve, «Sä Oot Niin Kultainen», vart spelt inn av Lea Laven i 1978 for albumet Aamulla rakkaani näin.

I 2011 gav Juice Newton ut songen sjølv, ei nyinnspeling av «Sweet, Sweet Smile» som bonusspor på albumet The Ultimate Hits Collection.

Lister Liste (1977)PlasseringU.S. Billboard Hot 10044U.S. Billboard Easy Listening7U.S. Billboard Hot Country Singles 8Canadian Singles Chart33Canadian RPM Country Tracks6Oricon (Japansk) singelliste59UK Singles Chart40

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sweet, Sweet Smile» frå , den 9. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Carpenters-songar Kategori:Songar skrivne av Otha Young