«Kuiama» er ein song skriven av Jeff Lynne og framført av Electric Light Orchestra. Songaren Jeff Lynne uttaler songen 'Ki-ama'.

Songen er det siste sporet på ELO 2 og med ei lengd på 11:19 er det ikkje berre det lengste musikkstykket på alubmet, men det lengste som Electric Light Orchestra spelte inn. Han fortel soga om ein soldat som finn ei foreldrelaus jente vandrande i ruinane av ein landsby i Vietnamkrigen. Soldaten prøver å trøyste jenta og må forklare at det var han som tok livet av foreldra hennar.

Songen vart ikkje gjeven ut som singel, men er gjeven ut på mange samlealbum, og vart spelt på konsertane til ELO.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kuiama» frå , den 12. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Progressive rockesongar Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne Kategori:Antikrigssongar