Face the Music er det femte studioalbumet til Electric Light Orchestra (ELO), og har same besetninga som på det førre albumet deira, Eldorado.
Oversyn Det femte studioalbumet til ELO vart gjeve ut i 1975 og var det første som vart spelt inn i Musicland Studios i München, som vart introdusert av Deep Purple på ein turné i USA.
På baksida av plateomslaget kan ein sjå andleta til bandet pressa mot ei glasflate, slik at det ser ut som om dei ser på den «elektriske avlivinga» ein kan sjå på framsida av omslaget. Bandmedlemmet som ser bort er Richard Tandy, som ikkje likte ideen og ikkje ønskte å delta. Kelly Groucutt song solovokal på «Poker» og «Down Home Town» (medan Jeff Lynne song harmoni), i tillegg til eit av versa på «Nightrider». Vanlegvis var det Lynne som song alle songane for ELO.
Baklengsmeldingar «Fire on High» inneheld ei baklengsmelding i byrjinga. Om ein spelar av songen baklengs kan ein høyre ei melding frå trommeslagaren Bev Bevan, «The music is reversible, but time is not. Turn back. Turn back. Turn back. Turn back.» — truleg Jeff Lynne si melding mot baklengsmeldingshysteriet, etter at det kom skuldingar om at det var skjulte sataniske meldingar i songen deira «Eldorado» av fundamentalistiske kristne..Big Secrets: Chapter 26, pages 200, 203, 204, 205 & 206. 0-688-04830-7 «Down Home Town» starta òg med ei baklengsmelding. refrenget frå «Waterfall» («Face the mighty waterfall, face the mighty waterfall»). Ein del av stryke-crescendoet frå «Nightrider» vart nytta baklengs på «Evil Woman».
Utgjeving Singlane «Evil Woman» og «Strange Magic» var dei mest kommersielle songane dei hadde spelt inn til då. «Evil Woman» vart ein stor hit i Storbritannia og USA, med discorytmar, samstundes som dei heldt på den klassiske ELO-stilen. Akkordane og melodien til denne sognen vart komponert på berre seks minuttar og var den songen det tok Lynne kjappast å lage.
«Nightrider» var den tredje singelen frå albumet og trass i at songen vart framført på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops, gjekk han ikkje inn på salslistene.
Sjølv med suksessen til singlane, gjekk ikkje albumet inn på albumlista i Storbritannia. Albumet vart mastra på ny og kom ut i september 2006 med bonusspor.
Innhald
Medverkande Jeff Lynne – solovokal, gitarar, produsent Bev Bevan – trommer, perkusjon, talt intro (baklengs), korvokal Richard Tandy – piano, clavinet, moog, gitar, Wurlitzer elektrisk piano, tack piano Kelly Groucutt – vokal, bass, korvokal Mik Kaminski – fiolin Hugh McDowell – cello Melvyn Gale – cello Orkester dirigert av Louis Clark
Andre medverkande Ellie Greenwich – vokal Susan Collins – vokal Nancy O'Neill – vokal Margaret Raymond – vokal Mack – lydteknikar Jeff Lynne, Richard Tandy og Louis Clark – Orkester og korarrangement
Salslister US: 13. plass på CashBox; 8. plass på Billboard 200; Billboard Year-End: 11. plass (1976); RIAA: Gullplate UK: nådde ikkje albumlista då det først kom ut, men nådde 38. plass i 1978 som ein del av plateboksen Three Light Years. AUS: 30. plass på ARIA Album Chart CAN: 31. plass på RPM Album Chart
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Face the Music av Electric Light Orchestra» frå , den 14. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Electric Light Orchestra-album Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Epic Records-album Kategori:United Artists Records-album Kategori:Jet Records-album