Anders Nøstdahl Gløersen () er ein norsk langrennar frå Oslo som under Ski-VM 2015 vann gullmedalje for Noreg i 4 x 10 km stafett og ein bronsemedalje på 15 km. Han er medlem av Rustad Idrettslag.
Aktiv I tida frå desember 2007 til desember 2014 vann Gløersen fem renn i verdscupen, dei fire fyrste i sprint og den siste på 15 km. Han vart noregsmeister på 15 km i 2015. Gløersen vart nummer fire i sprintøvinga under Vinter-OL 2014.
Gløersen vart nummer tre på 15 km under verdsmeisterskapen på ski i Falun i 2015, 1,4 sekund bak sølvvinnar Maurice Manificat frå Frankrike, svenske Johan Olsson vart verdsmeister. Den 27. februar gjekk han ein framifrå tredjeetappe på Noregs lag i 4 x 10 km stafett, ein etappe som gav ankermann Petter Northug sjansen til å avgjere stafetten med sine unike spurteigenskapar. Dei to andre på vinnarlaget var Niklas Dyrhaug og Didrik Tønseth.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2009: Ski-NM 2010: Ski-NM 2011: Sølvmedalje i sprint i Steinkjer Ski-NM 2012: Ski-NM 2013: Nr 8 på 15 km Ski-NM 2014: Bronsemedalje i sprint på Lillehammer Ski-NM 2015: Gullmedalje på 15 km på Røros Ski-NM 2016: Ski-NM 2017: Gullmedalje på 10 km i Sør-Fron
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anders Gløersen» frå , den 21. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Norske tvillingar Kategori:Folk frå Oslo