Sulam (arabisk سولم, hebraisk סוּלַם)Palmer, 1881, s.167 er ein arabisk landsby nordaust i Israel. I antikken vart han kalla Shunama og Sjunem, og vart først nemnt i Amarnabreva på 1300-talet fvt. Arkeologiske utgravingar i landsbyen syner at han har vore busett sidan bronsealderen. Han ligg nær Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 500.

Historie mini|Landsbyen Sulam, frå «Picturesque Palestina,» 1880-åraWilson, 1881, 1884, s.31 I Amarnabreva frå 1300-talet fvt., som var nokre leirtavler skrivne med kileskrift på akkadisk, var landsbyen ført opp med namnet Shunama, som vart erobra av den kanaanittiske krigsherren Lab'ayu saman med fleire andre byar i Dothandalen og sørlege Jezreeldalen.Goren et al., 2004, s. 262. Sulam er òg identifisert som den bibelske landsbyen Sjunem, som er sagt å høyre til Jissakar-stamma og staden der filistrane slo leir før det siste slaget til Saul, og fødebyen til Abisjag, konkubina til kong David i 1. Kongebok 1:1.

Landsbyen er nemnd som Sulem på 300-talet evt., som Onomasticon av Eusebius og av Jerome, og begge desse skriv at han ligg 5 romerske mil frå Tabor.Robinson and Smith, 1860, s. 324-325. Landsbyen vart av krossfararane (1100-talet) kalla Suna.

Under osmansk styre var Sulam oppført i osmanske skattelister frå 1596 som ein del av Jinin nahiya i Lajjun liwa. Han hadde eit folketal på 26 muslimske familiar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 161. Edward Robinson og Eli Smith, som vitja landsbyen midt på 1800-talet, skildra han som «liten og skitten» og innbyggjarane som «siviliserte og venlege.»

The Survey of Western Palestine (1881) skildra Sulam som «ein stor landsby i fjellsida nær foten av Jebel ed Duhy.» Dei skreiv vidare at delar av landsbyen var bygde av stein, og at det i vest låg skuggefulle hagar med sitrontre. Ei fleirårig kjelde i vest gav vatn til cisterner slik at landsbyen hadde god tilgang til ferskvatn.Conder og Kitchener, 1882, s. 87

Under Palestinamandatet og folketeljinga i 1931 var det 85 busette hus i Sulam med eit folketal på 328 muslimar.Mills, 1932, s. 76

Det er gjort mange arkeologiske utgravingar i og rundt landsbyen med funn frå dei tidlegare periodane.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sulam» frå , den 21. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Covello-Paran, Karen (10/9/2006): Sulam , Hadashot Arkheologiyot, no.118 Covello-Paran, Karen (7/2/2010): Sulam Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.122

s.112 - s. 114

Hana, Butrus (8/1/2008): Sulam Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.120

Robinson, Edward, Eli Smith (1860): Biblical Researches in Palestine and the Adjacent Regions: A Journal of Travels in the Year 1838, Published by Crocker & Brewster, Item notes:v.2 (s.324-325 ) Wilson, Charles Williams, ed. (1881, 1884): Picturesque Palestina, Sinai and Egypt. Vol. 2 of 4.

Bakgrunnsstoff Velkomen til Sulam (Shunem)

Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel