Ein Gev (hebraisk עֵין גֵּב) er ein kibbutz på austbreidda av Genesaretsjøen nord i Israel. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2002 var folketalet i Ein Gev var 521.Ein Gev
Kibbutzen ligg nær ruinane av den gresk-romerske busetnaden Hippos.
Historie mini|Kai i Ein Gev kring 1947. Kibbutzen Ein Gev vart grunnlagd 6. juli 1937 under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939 som ei tårn og palisade-busetjing, slik mange kibbutzar oppstod i denne tida, og han vart raskt eit levedyktig samfunn. Dei første nybyggjarane var emigrantar frå Tsjekkoslovakia, Tyskland, Austerrike og Baltikum. Dei brukte intensive oppdyrkingsmetodar og utvikla bananplantasjar. Dei fiska òg i Genesaretsjøen. I 1947 hadde Ein Gev hadde eit folketal på 450.
Ein Gev låg like ved grensa til Syria og vart bomba under slaget i Kinarotdalen og i andre kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948. Desse farane forsvann då Israel okkuperte Golanhøgdene i nærleiken under seksdagarskrigen i 1967.
Økonomi Kibbutzen driv eit feriesenter og ein fiskerestaurant. Innan jordbruk vert det dyrka bananar og drive meieridrift og strutseavl. Kibbutzen bygde ein konserthall med 2 500 seter for å huse den årlege Ein Gev musikkfestivalen.
mini|Teddy Kollek (andre frå høgre), med pionerane frå Ein Gev (1934–39)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein Gev» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1937 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Natufi-stader Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1937 i Palestina