Det tyrkiske rådet eller Samarbeidsrådet for tyrkisk-talande statar (tyrkisk Türk Dili Konuşan Ülkeler İşbirliği Konseyi) er ein internasjonal organisasjon for tyrkiske land. Han blei skipa 3. oktober 2009 i byen Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Generalsekretariatet ligg i Istanbul i Tyrkia. venstre|mini| Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan og Tyrkia er medlemmer i organisasjonen. To andre tyrkiske statar, Turkmenistan og Usbekistan, er ikkje medlemmer av rådet på grunn av sin nøytralitet, men er moglege medlemmer i framtida.

Det tyrkiske rådet har som mål å byggja på den felles kulturarva og identiteten til folka i medlemslanda sine. Moglege samarbeidsområde femner vidt, og omfattar mellom anna utdanning, vitskap, transport, toll, økonomi og turisme. Fred og stabilitet i regionen er eit anna mål med samarbeidet.

Kjelder

«General Information«, turkkon.org

Denne artikkelen bygger på «Turkic Council» frå , den 22. februar 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Tyrkiske folk Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Asiatiske organisasjonar Kategori:Europeiske organisasjonar Kategori:Skipingar i 2009