El Rom (hebraisk skrift אֶל רוֹם, tyder 'Til høgda') er ein israelsk busetjing og ein kibbutz nord i Golanhøgdene som ligg i kommuneområdet til Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
El Rom har eit folketal på kring 350 (2005).
Geografi Busetnaden ligg to kilometer vest for Hermon, i ei høgd på 1050 meter over havet. El Rom og den nærliggande moshaven Odem er dei to høgastliggande jødiske busetjingane i Israel etter Nimrod.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1971 av ei gruppe nybyggjarar frå Machanot HaOlim sionistungdomsrørsle. Sjølv om dei hadde tenkt å slå seg ned i Beit HaArava sør i Jordandalen, vart dei overtydd om å flytte til Golanhøgdene. Den første bysetjinga låg i nærleiken av den okkuperte syriske byen Quneitra, men denne vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, og eit enormt stridsvognslag fann stad på slettene kring byen.
Klima El-rom har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og kjølige, fuktige vintrar. Sidan han ligg nord i Golanhøgdene og i ei høgd på over 1000 meter over havet, er klimaet ganske unikt samanlikna med resten av Israel. Sommaren, mellom mai og september, er nesten heilt tørr utan nedbør i det heile, og temperaturar kring 25-30 °C midt på dagen i juli og august. Nettene er kjølige på grunn av ein kontinental vind som bles frå dei store ørkenane i aust. Vintertemperaturen er lågast i januar og februar med 2-3 °C midt på dagen, og stundom under null grader. Regn byrjar å kome i september og endar kring mai, og fyller reservoara og gjev vatn til Genesaretsjøen. Årsnedbøren er i snitt 940 millimeter, og noko av dette kjem som snø i løpet av vinteren. Tåke er vanleg året gjennom.
Økonomi Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, og det vert hausta eple, pærer, jordbær og vindruer.
Sjå òg israelskokkuperte territorium israelsk busetjing
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «El Rom» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1971 Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel