Neve Ativ (hebraisk נְוֵה אַטִי"ב er ein liten alpeliknande israelsk busetjing (moshav) i Golanhøgdene, som vart grunnlagd i 1972 i fjellsida av Hermon, 2 km vest for Majdal Shams.Israel & Dei palestinske territoria, s. 271, Lonely Planet Israel, Michael Kohn, Lonely Planet, 2007, ISBN 1-86450-277-0, ISBN 978-1-86450-277-0, henta 22. februar 2015 Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.

Det bur kring 37 familiar i Neve Ativ. Ativ er eit akronym for fire soldatar som mista livet i Golan: Avraham Hameiri, Tuvia Ellinger, Yair Elegarnty og Binyamin Hadad. Neve tyder oase.

Hovudnæringa i moshaven er turisme. Neve Ativ driv Hermon skisenter med 25 km skiløyper i Hermon.Sandler, Neil, «AS ISRAELIS DEBATE THE FATE OF THE GOLAN...;...SKIERS AND INVESTORS FLOCK TO ITS SLOPES», 8. august 1994, henta 22. februar 2015Gee, Robert W., «They're not heavenly, but the Holy Land has slopes,» Austin American-Statesman, 10. februar 2002, henta 22. februar 2015

Skisenteret vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, men var attende i drift året etter.«Ski resort back in business,» Chicago Tribune, 7. mars 1975, henta 22. februar 2015 Frank Riley skreiv i Los Angeles Times «Dette er eit fjell og ei oppleving kvar skientusiast bør oppleve minst ein gong i livet.»Riley, Frank, «Skiing Biblical Bashan Near Israel's Historic Treasures,» Los Angeles Times, 4. januar 1981, henta 22. februar 2015 Skiesesongen varer minst tre månader, vanlegvis frå desember til mars.Kaplan, Janet, «Dive, rappel, cycle, plunge, snuba, soak, hike i Israel,» Jweekly, 10. september 2009, henta 22. februar 2015 Ei helg i januar 2000 hadde skisenteret 11 000 vitjande.Rudge, David, «Mt. Hermon swamped by 11 000 visitors,» Jerusalem Post, 10. januar 2000, henta 22. februar 2015 Seinare den månaden ønskte leiarane i Neve Ativ å gjere skisenteret til eit felles israelsk-syrisk føretak, og la syrarar få lov til å kome til senteret.«Hermon Ski Resort Hopes for Cooperative Management with syriskes,» Israel Wire, 20. januar 2000, henta 21. august 2014

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Neve Ativ» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1972