Kfar Yehezkel (hebraisk skrift כְּפַר יְחֶזְקֵאל, tyder 'Yehezkel-landsbyen') er ein moshav ovdim nord i Israel. Han ligg i Jezreeldalen, seks kilometer søraust for Afula i Gilboa regionale kommune. I 2007 hadde moshaven eit folketal på 755.
Historie Kfar Yehezkel vart grunnlagd den 16. desember 1921 av pionerar under den andre Aliyah. Nybyggjarar frå Tel Hai og Hamara, som vart evakuerte på grunn av arabiske åtak frå Libanon, vart av dei som grunnla staden. Han var den andre moshav ovdim i Palestina, etter Nahalal.
Han heitte opphavleg Ayn Tib'un etter ei nærliggande kjelde, men fekk namnet Kfar Yehezkel til minne om Yehezkel Sassoon, som drukna i Bagdad kort tid før. Sidan han ikkje hadde arvingar, vart hans del av familieføretaket donert av brørne hans til å grunnleggje Kfar Yehezkel.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Yehezkel» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1921 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1921 i Palestina