«Candy Man» er ein song skriven av Bevery Ross og Fred Neil.

Roy Orbison spelte inn songen og gav han ut på singel, som B-sida til «Crying». Songen skil seg frå mange andre songar som Orbison spelte ved at han er ein bluesrock-song. Songen opnar med eit fallande gitar- og munnspel riff, som minnar om Chuck Berry sin «Memphis, Tennessee». Det meste av songen er ein mellomrask bluesrocksong med eit hint av pop. Teksten er òg meir positiv enn dei vanlege tekstane om knust hjarte.Candy Man på Allmusic

Fred Neil vart meir kjend seinare i 1960-åra som visesongar, men var nesten ukjend då Orbison spelte inn songen hans. Neil spelte sjølv inn songen på debutalbumet sitt i 1965, Bleecker & MacDougal.

Andre artistar som spelte inn songen var Rodney Crowell, Dion & the Belmonts, the Hollies, Mickey Gilly, Bobby Vee, The Ventures, Holly Gollyghtly, Wanda Jackson, Alex Campbell og The Tremeloes

Kjelder Crying på Discogs

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Monument Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Fred Neil Kategori:Roy Orbison-songar Kategori:Fred Neil-songar Kategori:Hollies-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:The Tremeloes-songar Kategori:Songar produserte av Fred Foster Kategori:Bobby Vee-songar