mini|Den store sittebeinsopninga (farga raudt) er ein stor foramen i bekkenet Ein foramen (pl. foramina) er i anatomien ei nemning som blir bruka om ei naturleg opning. Foramina i menneskekroppen verkar som ei opning der musklar, nervar, arteriar, vener og andre strukturar passerer for å kople ein kroppsdel til ein annan.
I hovudskallen hjå ryggbeinsdyr finn ein ei rekkje foramina, mellom anna foramen magnum. Foramina finn ein òg i ryggvirvlane i ryggsøyla, såkalla intervertebralforamina, som dannar ein kanal frå golvet til taket av knokkelen, der mellom anna ryggmergen passerer.
Døme på andre foramina er: foramen apicis dentis, holet øvst på tannrota foramen ovale i hjarta, eit hol mellom dei venøse og arterielle sidene av fosterhjarta foramen transversarium, ein av to opningar i ryggvirvlane der den djupe halsarterien passerer den store sittebeinsopninga (foramen ischiadicum majus), ein stor foramen i bekkenet foramen interventriculare primarium, i embryologien ein kortvarig opning mellom ventriklane i hjarta foramen interventriculare, kanalar som koplar ventriklane i hjernen den vesle sittebeinsopninga (foramen ischiadicum minus), ein opning mellom bekkenet og det bakre lårbeinet foramen obturatum, holet som blir danna av sittebeinet og underlivsbeinet i bekkenet sakralforamina, som perforerar virvelkanalen frå korsbeinet, og der sakralnervane passerer
Variasjonar Ein studie frå 1988 undersøkte variasjonar i høgre og venstre foramen jugulare i 156 hovudskallar. I 69% av skallane var den høgre f. jugulare større enn den venstre, og i 23% var den venstre noko større. I dei attståande skallane var begge foramina like store.
Sjå òg foramina i hovudskallen intervertebralforamina fossa
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Foramen» frå , den 26. februar 2015.
Kategori:Dyreanatomi