Taibe (arabisk الطيبة, hebraisk טַּיִּבָּה), som tyder «den staslege»,Palmer, 1881, s.167 is an arabisk muslimsk landsby nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. In 2008 hadde han eit folketal på 2 000.

Historie mini|venstre|Taibe landsby Det er føreslått at Taibe var Tubi, som var nemnt mellom stadane som betalte skatt til Thutmose III. Det er funne spor frå hellenistisk, romersk, bysantinsk, krosstog- og mamelukktida.Covello-Paran, Karen and Yotam Tepper (24/8/2008): Et-Taiyiba , Hadashot Arkheologiyot, no.120Yotam Tepper (16/4/2012): E-Taiyiba, Survey Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.124

Under krosstoga låg det ei borg her kalla Forbelet.Pringle, 1997, s.104 Ho høyrte truleg til Maltesarordenen og låg under den nærliggande Belvoirborga. Borga vart plyndra av Saladin i 1183, og okkupert av muslimane som tok Belvoir i 1187-88. Delar av borga står framleis. Nyare utgravingar indikerer at byare byggverk vart bygd langs sida av den delvis øydelagd krossfararborga i mamelukktida og osmansk tid.Fadi Abu Zidan 1/5/2011: Et-Taiyiba Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.123

I 1596 var landsbyen oppført i osmanske skattelister som Tayyibat al-Ism i Shafa nahiya i Lajjun liwa. Han hadde eit folketal på 13 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, and geiter eller bikubar. mini|venstre|Taibe landsbymoské.

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skildra han som fattig, men tidlegare ein viktig by.Guérin, 1880, s. 126–127 som omsett av Conder & Kitchner, 1882, s. 126 -127 I «Survey of Western Palestina» mot slutten av 1800-talet, vart Taibe skildra som: «Ein einsam landsby, mellomstor, på eit flattområde, med fleire gode steinhsu. Det står eit hus midt i landsbyen som høyrer til sjeiken, som er større enn resten.»Conder & Kitchener, 1882, SWP, II, s. 87

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde Taibeh eit folketal på 220, alle muslimar, medan han i folketeljinga i 1931 hadde 43 busette hus og eit folketal på 186 muslimar.

I 1945 hadde Taibe eit folketal på 280 arabarar (medrekna 150 jødar i Modelet) på 7 127 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 44 Av dette var 7 103 dekar nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 85 medan 22 dekar vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 135

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Taibe, Galilee» frå , den 26. februar 2015. oppgav desse kjeldene: Conder, Claude Reignier og H.H. Kitchener (1882): The Survey of Western Palestine: memoirs of the topography, orography, hydrography, and archeology. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. vol 1'vol 2''' s. 126–127

Tepper, Yotam (2012): E-Taiyiba, Survey, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124. Tepper, Yotam & Karen Covello-Paran (2012): Et-Taiyiba, final report, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel'', No. 124.

Bakgrunnsstoff Velkomen til Kh. al-Tayiba

Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1920 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1920 i Palestina