Harduf (hebraisk הַרְדּוּף, tyder Oleander) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 431.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1982 av Jesaiah Ben-Aharon og andre følgjarar av Rudolf Steiner, og vart kalla opp etter oleanderplantene som veks i området. Kibbutzmedlemmane lever i høve til antroposofi-filosofi. Harduf har fleire helsesenter: Beit Elisja, for rehabilitering av vaksne med spesialbehov, Tuvia-samfunnet for barn og ungdsom som er fjerna frå heimane sine og treng ein ny fosterfamilie, og Hiran, som prøver å hjelpe ungdom med kjenslemessige problem.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Harduf» frå , den 27. februar 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:Antroposofi Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1982 i Israel