Beit Keshet (hebraisk בֵּית קֶשֶׁת, tyder Bogehuset) er ein kibbutz i Nedre Galilea i Israel som høyrer til Nedre Galilea regionale kommune.
Beit Keshet vart grunnlagd i 1944 av ungdommar i HaNoar HaOved, som fekk opplæring ved Kfar Tavor jordbruksskule. Under grunnlegginga av kibbutzen, slo ei gruppe emigrantar som var ein del av ungdomsrørsla HaMahanot HaOlim og ferdigutdanna ungdommar frå Kadoorie jordbruksskule kibbutzen. I følgje Jewish National Fund tente meir enn halvparten av den første gruppa i dei jødiske styrkane under andre verdskrigen.
I 1947 hadde Beit Keshet eit folketal på over 100. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 prøvde libanesiske og syriske soldatar å erobre Bet Keshet og den nærliggande Sejera i kampar som Jewish National Fund kalla «harde».
Namnet kjem frå 2. Samuelsbok 1:18 i Bibelen: «...og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen».», Det var ein referanse til slaga til Deborah, som skal ha budd i området.Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.114, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
Sjå òg Skogar i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Keshet» frå , den 2. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1944 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1944 i Palestina