Masad (hebraisk מַסָּד) er ein israelsk fellesbusetnad i Nedre Galilea regionale kommune. Han har 388 innbyggjarar (2016).List of localities, in Alphabetical order (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Hena 26. september 2017. Landsbyen vart grunnlagd som Har Kotz i 1982.
Planar om å byggje eit steinbrot i Kotzfjellet vart avvist av det nasjonale anleggs- og planleggingsbyrået i 2008, etter protestar frå innbyggjarane i Massad og den nærliggande arabiske landsbyen Eilabun.News in brief, Haaretz
Masad er omgjeve av Har Kotz naturreservat. Blant trea her er johannesbrødtre, mastik, valoniaeik, kristtorn, palestinaeik og Jerusalemtorn. Naturreservat har namnt etter fjellet Qotz (292 moh), kalla opp etter ein prestefamilie som flytta til Galilea frå Jerusalem etter øydelegginga av Det andre tempelet.
Sjå òg Naturreservat i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Masad, Israel» frå , den 2. mars 2015.
Bakgrunnsstoff Masad.org.il (hebraisk)
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:1982 i Israel