Mekong er ei elv som renn gjennom fleire land i Søraust-Asia, og ei av dei største elvene i verda. Ho er den tolvte lengste elva i verda med ei lengd på rundt 4 350 km og den tiande største når det gjeld vassføring, med ei årleg vassmengde på 475 km³. Elva har eit tilfangsområde på 795 000 km². Ho renn frå det tibetanske platået i Tibet, gjennon Yunnan-provinsen i Kina, deretter dannar ho grensa mellom Burma (Myanmar) og Laos og så grensa mellom Thailand og Laos, før ho renn gjennom Laos, Kambodsja og Vietnam. I Vietnam munnar ho ut i Sørkinahavet.

Elva har store skilnader i vassføring mellom tørre og regnfulle årstider, og dette saman med stryk og fossar gjer skipsfart vanskeleg. Elva er likevel ei viktig handelsåre mellom Yunnan og Laos, Myanmar og Thailand.

Namnet «Mekong» er avleidd frå ei samantrekt form av namnet på thai og laotisk, Mae Nam Khong.

Elvelaup Elva kjem frå Qinghai-fylket i Kina, og renn vidare gjennom Tibet. Ho renn gjennom Yunnanprovinsen i Kina og deretter Myanmar, Laos, Thailand, Kambodsja og Vietnam.

Strekningar med eigne namn Nokre strekningar av elva har eigne namn, mellom anna Lancang i Kina Saen Pee Mong Pa Liew Tang Or

Demningar I Kina er det bygd elleve demningar på Mekong (fram til 2020).

Jinghong-demninga i Kina er blant dei som held tilbake noko av vassføringa.

I Laos ligg Xayaburi-demninga og Don Sahong-demninga på Mekong.Jason Thomas: Does Lao’s Xayaburi dam benefit its people?. The Asean Post. 31. oktober 2019.Laos links 195MW power to Cambodia. Bangkok Post. 8. januar 2020.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mekong» frå , og «Mekong River» frå den 3. mars 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Søraust-Asia Kategori:Elvar i Burma Kategori:Elvar i Kambodsja Kategori:Elvar i Kina Kategori:Elvar i Laos Kategori:Elvar i Thailand Kategori:Elvar i Vietnam Kategori:Internasjonale elvar i Asia