I'm Still in Love With You er eit studioalbum av Roy Orbison frå 1976.
Etter ein lengre periode på MGM Records, flytta Orbison til Mercury Records og slo seg saman med produsenten Jerry Kennedy. Konseptet deira var å skape eit Roy Orbison-album med den klassiske tidlege 60-talsstilen til Orbison. Kennedy henta inn låtskrivarane Larry Gatlin («Circle») og Bud Reneau («All I Need Is Time») til å skrive melodramatiske balladar i liknande stil som Orbison ein gong hadde hatt store htitar med. Orbison sjølv slo seg saman med langvarige låtskrivarpartnaren Joe Melson og skreiv balladen «It's Lonely». I tillegg spelte Orbison inn gamle hittar av Johnny Ace («Pledging My Love») og Buck Owens («Crying Time»), og ein av dei eldre songane sine («Heartache»). Albumet vart likevel ikkje særleg populært og selde dårleg.
Innhald
2002-utgåva I 2002 vart albumet gjeve ut på CD i Storbritannia av Spectrum Music med ei anna rekkefølgje på songane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'm Still in Love with You (Roy Orbison album)» frå , den 4. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Roy Orbison-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Mercury Records-album