Mitzpe Hila (, tyder Hila-utkikkspunktet) eller berre Hila er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i vest i Galileaåsane nær den libanesiske grensa, og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 572. mini|venstre|Utsyn frå Mitzpe Hila

Landsbyen vart grunnlagd i 1980 som ein del av Lookouts in the Galilea-planen, der innbyggjarane budde i prefabrikkerte hus importert frå Sør-Afrika. Han heitte opphavleg Mitzpe Ziv etter Har Ziv, fjellet han ligg på, men fekk seinare namnet Mitzpe Hila.

Katyusha- og Grad-rakettar avfyrt av Hizbollah i 1990-åra råka landsbyen, og det same skjedde under Libanonkrigen i 2006 mot Hizbollah.Bay Area aids Kiryat Shmona Jewish News Weekly, 19 April 1996

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mitzpe Hila» frå , den 7. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1980 Kategori:1980 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel