Lohamei HaGeta'ot (, tyder Ghettokjemparane) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 467.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 langs kysthovudvegen mellom Akko og Nahariya, der den tidlegare arabiske landsbyen Al-Sumayriyya låg.pp 30-31, All That Remains, ed. Walid Kalidi, publ. Institute for Palestine Studies, Washington, DC, ISBN 0-88728-224-5 Nybyggjarane var mellom anna overlevande frå ghettooppreisten i Warszawa (mellom anna Icchak Cukierman, nestleiar i ŻOB), og tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. Han er namngjeven til minne om jødane som kjempa mot nazistane.
Arkeologi Like ved kibbutzen ligg det store ruinar etter ein akvedukt som gav vatn til Akko, kring 6 km unna, fram til 1948. Akvedukten vart opphavleg bygd mot slutten av 1700-talet av Jezzar Pasha, den osmanske herskaren av Akko, men vart ferdigbygd av sonen hans, Suleiman, i 1814.Moreh Derech trip report mini|venstre|Akvedukt frå osmansk tid.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lohamey HaGeta'ot» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ghetto Fighters' House Kibbutz Lohamei HaGeta'ot
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel