«I Need to Know» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i 1978 som den første singelen frå det andre albumet deira, You're Gonna Get It!. Songen nådde 41. plassen på Billboard Hot 100 i 1978.Joel Whitburn, Joel Whitburn's Top Pop Singlar: 1955-2010, Record Research, 2011. Denne songen og «Listen to Her Heart» vart alt framført på konsertar så tidleg som 14. juni 1977, på det tyske fjernsynsshowet «Rockpalast».

Andre versjonar Stevie Nicks (frå Fleetwood Mac) har spelt «I Need to Know» på konsertane sine sidan 1981. Stevie song òg songen i lag med Tom Petty på 30-årsjubileumskonserten til Tom Petty som artist, som vart filma og gjeve ut på DVDen Runnin' Down a Dream.

I 1981 spelte det svenske bandet Gyllene Tider inn ein versjon av songen med svensk tekst, skriven av songaren Per Gessle, kalla «Vill ha ett svar!»

Poison spelte songen i 2007 for albumet Poison'd!.

Det amerikanske hardcore-punkbandet Hour of the Wolf spelte songen i 2012 for albumet Decompositions Vol. II.

Utgjevingar You're Gonna Get It! Pack Up The Plantation: Live! Greatest Hits Playback Anthology: Through The Years The Live Anthology Songen er spelbar i Rock Band 3.http://ps3.ign.com/articles/111/1114861p1.html

Lister Liste (1978) Plassering U.S. Billboard Hot 100 41 Canadian RPM Top Singlar 46

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Need to Know (Tom Petty song)» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Petty Kategori:Songar produserte av Denny Cordell