Karianne Arntzen Band er ei musikkgruppe frå Sandnes/Stavanger som spelar visepopjazz med nære tekstar på dialekt. Medlemmer er Gjermund Sivertsen, Karianne Arntzen, Roar Skjelbred, Stene Osmundsen og Vidar Kvamme Schanche.

Gruppa vart skipa i 2005 og hadde sin første konsert, for spesielt inviterte, i Valbergtårnet i Stavanger under by:larm i februar 2005.Karianne Arntsen Band Aftenbladet.no Dette gav dei oppslag i lokalpressa og fleire spelejobbar i rogalandsdistriktet. Sommaren 2005 var dei eit av banda som fekk opptre på Norwegian Underwood, talentscena til festivalen Norwegian Wood. Sidan debuten har dei spelt eit 60-tals konsertar, mellom anna på Egersund Visefestival, Cementen, Tribute, Viser ved Kanalen, Folken i Stavanger, Kulturnatt Haugesund m.fl. Bandet fekk fonogramstøtte av Fond for utøvende kunstnere i desember 2006. Bandet gav hausten 2007 ut plata I går kveld til sterke kritikkar landet rundt. Oppfølgjaren Sant blei òg nemnd i gode ordelag, spesielt arrangementene, tekstane og lydkvaliteten. Jan Eggum og Jan Ingvar Toft var med på kvar sin duett.

Utgjevingar I går kveld ‎(Via Music, 2007) Sant (Via Music, 2011)

Kjelder

Bakgrunnsstoff www.kariannearntzen.com

kategori:norske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 2005