Bar Yohai () er ein religiøs, jødisk fellesbusetnad nær Har Meron nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Han vart grunnlagd i 1977 som ein busetnad for immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen. Desse var ikkje interesserte i å bu så lnagt frå ein by eller i så enkle kår, og gav dermed busetnaden til religiøse sionistfamiliar og medlemmar av nærliggande moshavim. Dette vart ein suksess og Yishuv Bar Yohai voks til over 100 familiar, inkludert ei lita gruppe frå Canada.
Samfunnet er kalla opp etter rabbinaren Shimon bar Yochai som i følgje jødisk tradisjon var gravlagd på Har Meron i nærleiken.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bar Yohai» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1977 Kategori:1977 i Israel