mini|Sann anomali til punktet P er vinkelen . Her ser ein òg den eksentriske anomalien til punktet P, som er vinkelen E. Senteret til ellipsen er punkt C, og brennpunktet er punktet F. Den radielle posisjonsvektoren r kjem frå brennpunktet F, ikkje frå sentrum C. Hjelpesirkelen har radius a; og den mindre hjelpesirkelen har radius b. Anomali i astronomi er eit omgrep som vert nytta i samband med banen til ein lekam som krinsar rundt sola.

Sann anomali er vinkelen mellom sola og ein planet, eller ein komet og perihelpunktet til banen. Middelanomali er vinkelen mellom sola og perihelpunktet og middelstaden, det vil sei den staden himmellekamen ville ha vore om han flytta seg i ein sirkulær bane med jamn rørsle.

Kjelder Anomali: astronomi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/anomali%2Fastronomi.

Formlar Frå tilstandsvektorar For elliptiske banar ka ein rekne ut sann anomali frå banetilstandsvektoren som:

  (om erstattar så med )

der: er snøggleiksvektoren til banen til lekamen i bane, er eksentrisitetsvektor, er baneposisjonsvektoren (segmentet fp) til lekamen i bane.

Sirkelforma bane For sirkelforma bane er den sanne anomalien udefinert fordi sirkelbanar ikkje har ein unik periapsis. I staden nyttar ein breiddegradsargumentet :

  (om erstattar så med )

der: er vektoren som peikar mot den fallande noden (t.d. z-komponenten av er null).

Sirkelforma bane med null inklinasjon For sirkelforma bane med null inklinasjon er òg breiddegradsargumentet udefinert, fordi ein ikkje kan definere unike linjer. Ein nyttar i staden sann lengdegrad:

  (om erstattar så med )

der: er x-komponenten til baneposisjonsvektoren , is x-komponenten til banesnøggleiksvektoren .

Frå eksentrisk anomali Forholdet mellom den sanne anomalien og eksentrisitetanomalien E er:

eller ekvivalent

Derfor

der er polarargumentet til vektoren .

Radius frå sann anomali Radien (avstanden frå brennpunktet og lekamen) er relatert til den sanne anomalien ved formelen

der a er den store halvaksen til banen (segment cz).

Sjå òg Kepler-lovene Eksentristetanomali Middelanomali Ellipse Hyperbol

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «True anomaly» frå , den 22. mars 2015. oppgav desse kjeldene: Murray, C. D. & Dermott, S. F. 1999, Solar System Dynamics, Cambridge University Press, Cambridge. Plummer, H.C., 1960, An Introductory treatise on Dynamical Astronomy, Dover Publications, New York. (Reprint of the 1918 Cambridge University Press edition.)

Kategori:Krinsløp