Mahanayim () er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring tre kilometer nordaust for Rosh Pina og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han 346 innbyggjarar.
Historie Landområdet Mahanayim ligg på vart kjøpt i 1892 av Ahavat Zion-organisasjonen Hovevei Zion med mål om å opprette ein moshava i området. I 1898 slo fleire familiar frå Galicia seg ned i området og kalla han opp etter den bibelske byen i Gilead, der Jakob var før han igjen møtte broren Esau og såg englar. Dei første innbyggjarane klarte seg dårleg. Jewish Colonization Association prøvde å få dyrka tobakk i området, men òg dette var mislukka og landsbyen vart fråflytta i 1912.
I 1916 kom ein kvutza av Poale Zion-medlemmar til området, og grunnla den første arbeidarbusetjinga i Øvre Galilea. I 1922 vart han ein moshav, men vart fråflytta i 1928.
Landsbyen vart busett ein tredje gong i 1939 av medlemmar frå kibbutzen Yodfat frå Safed.
Ben Ya'akov lufthamn ligg like sør for kibbutzen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mahanayim» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Tidlegare moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1898 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1916 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1937 Kategori:1898 i Det osmanske riket Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel