mini|Kuletong Ei kuletong (eller eit tenaculum) er eit kirurgisk instrument og ein type forceps. Instrumentet er samansett av ein smal og spiss krok i begge endar som er festa til eit handtak.Merriam-Webster Online Dictionary > tenaculum. Vitja 5. april 2015 På kvar side av handtaket finst fleire hekter for å låse instrumentet. Kuletonga blir i hovudsak brukt for å gripe og halde vev og blodårer under ulike kirurgiske inngrep. Instrumentet blir også brukt for å stabilisere livmorhalsen og livmora ved innsetjing av spiral.Birth Control Intrauterine Devices (IUDs) Author: Omnia M Samra. Vitja 5. april 2015

Namnet kjem av di tonga ofte blei brukt til å trekke ut våpenkuler og andre prosjektil frå opne sår.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tenaculum» frå , den 5. april 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Medisinske klemmer